Copy


                        

Korleis står det til med norsk fagspråk i høgare utdanning?

8. april 2021 kl. 10.00

Universitet og høgskular har eit ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk som fagspråk. Kor gode er dei til å følge opp dette ansvaret? Velkommen til nettmøtet Kvalitetstid 8. april.

Diku har utarbeidd rapporten «Språkstrategiar i høgare utdanning», på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. I Kvalitetstid legg vi fram hovudfunn frå rapporten. Så inviterer vi til fagleg debatt, og spør mellom anna: 

  • Kva gjer dei institusjonane som lukkast med å ta vare på norsk fagspråk?
  • Kor stor trussel utgjer engelsk for norsk fagspråk?

Kvalitetstid varer i ein time, og vi legg opp til ein samtale i eit panel med: 

  • Åse Wetås, direktør i Språkrådet
  • Gunnar Yttri, rektor, Høgskulen på Vestlandet
  • Annbjørg Pasteur Stø, fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon
  • Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i UHR
  • Ane Landøy, seniorrågjevar i Diku 

Samtalen blir leia av Ragnhild Tungesvik, avdelingsdirektør for Avdeling for utreiing og analyse i Diku. Det blir høve til å stille spørsmål og komme med kommentarar til panelet.   

Klikk her for å melde deg på
Diku.no
Dikunytt
Dikunytt
@Dikunytt
Dikunytt
Kvalitetstid - en podkast fra Diku

Vår postadresse:
Diku
Postboks 1093
5809 Bergen

Legg oss til i adresseboken din