EØS-midlane:
Meir enn 400 millionar kroner til europeisk utdanningssamarbeid
Gjennom EØS-midlane kan ein enkelt bygge internasjonale nettverk med land Norge tradisjonelt har lite utdanningssamarbeid med.
Dei aktive og kommande utlysingane finansierer mobilitet og institusjonelt samarbeid mellom norske partnarar og partnarar frå Romania, Tsjekkia, Polen, Slovakia, Slovenia og Kroatia.
Utlysingane er opne for alle fagområde, men i enkelte av dei er det gjort tematiske prioriteringar. Eksempel på desse er inkluderande undervisning, barnevernsutdanning, demokrati og inkludering av minoritetar, utdanningsleiing, velferdsteknologi, grøn industri, og styrking av undervisning i STEM-fag.
Les meir om ordninga og dei aktuelle utlysingane på diku.no
|